Her kan du lese litt om vi som driv pensjonatet.


Aud
Leiaren av pensjonatet og den som har den daglege drifta. Ei genuin interesse for, og kjærleik til dyr, har gjort at ho starta med dette pensjonatet. Ho har alltid hatt hund og katt sjølv, noko som etter over 50 år gjev ein god del erfaring. I periodar har det i husstanden budd opptil tre hundar og to kattar som ho har vore overhovud for.

Alice
Dottera i huset som har vokse opp med hund og katt og fått kjærleiken for dei inn med morsmjølka. Ho tok dyrepleierutdanninga ved veterinærhøyskolen i 2000 og jobba som dyrepleiar ei periode ved samme skulen.

Børre
Mannen til Aud og pensjonatet sin ”alt-muleg –mann”. Han er sjømann og dermed heime halve året, og då går det i det meste av slikt som må gjerast av ein skikkelig arbeidskar.


 



 

© www.tverberghund.no